Tilbake til alle arrangementer

Konsert i hus og hage med Johanna Seim og Sjur Nyvold

Velkommen til en annerledes konsert i hus og hage!

Johanna Seim & Sjur Nyvold spiller blant annet hardingfele og gitar, musikken har røtter i norsk folkemusikktradisjon men med et moderne uttrykk, lavmælt og nært.

Et hus med hage er åpent fra kl 12.00, og kunst kan oppleves innendørs og utendørs før konsertstart, klokken 16.00.

Gratis og for alle!

VELKOMMEN!

Johanna Seim & Sjur Nyvold

Sjå for deg å sitte på Bergensbanen, kanskje på Finse stasjon. Det er
snødekte isbrear, små fjellvatn og bjørkeskog utanfor glaset. Toget
susar vidare nedover Hallingdal og mot hovudstaden.

Johanna Seim og Sjur Nyvold kunne vore soundtracket til Bergensbanens
storslåtte rute, der naturen susar forbi og ein får ein pause der ein
berre kan lytte og føle. Like fullt høyrer dei heime i eit dunkelt
belyst barlokale, til morgonkaffien eller når ein treng eit pusterom om
det stormar i livet. Med det beste frå folkemusikken og visa har dei
laga eit knippe sterke låtar som formidlar personlege og nære historiar
me alle kan kjenne oss igjen i.

Frå Berlin dro Johanna Seim til knøttlille Rauland for å lære seg å
spele norsk folkemusikk. Det tok ikkje lang tid før ho falt pladask for
hardingfela og den vesle plassen, og slik gjekk det til at ho blei på
Rauland i tre år. Der møtte ho Sjur Nyvold, og det siste året har dei
vore tilbake i Rauland og spelt inn sitt debutalbum.

Det handlar om å søke seg til det små for å nå det store. Både i livet
og i musikken. Med tekstar på tysk, engelsk og norsk skildrar dei to
store og små kjensler, og formidlar ein forfriskande nysgjerrigheit på
livets gåter.

Deira debutalbum “Temporary Pleasure” er nedpå og nært, akkompagnert av
hardingfeler, melodiøst gitarkomp og deilige pianoakkordar. På plata har
dei med seg stjernetrommis Martin Langlie (Valkyrien Allstars), som har
lagt inn nokre velvalgte rytmer så det hamrar litt ekstra i sjela.
Frøkedal- og Valkyrien Allstars-produsent Bård Ingebrigtsen har
produsert og miksa plata, og no er den endeleg klar for å visast fram!

«Temporary Pleasure» av Johanna Seim & Sjur Nyvold gis ut på Olivias
Rekorder i starten av 2023

Forrige
Forrige
31. juli

Åpent hus

Neste
Neste
1. august

Åpent hus / workshop med Johanne Birkeland